Wonderful reviews and standing ovations for Jonason

Yesterday, Emil Jonason replaced Martin Fröst at a concert with the Stavanger Symphony Orchestra. He performed the Mozart Clarinet Concerto under the baton of Norwegian conductor Eivind Gullberg Jensen; a great success! The audience gave him and the orchestra standing ovations, and almost refused to be seated again to hear the encore, ”All the world is green” by Tom Waits (arranged by Jonason).

Read the full review about Jonason (in Norwegian) in Aftenbladet below:

Emil Jonason drar Mozarts klarinettkonsert langt utover taktstrekane. Eg trur den talentfulle rebellen Mozart sjølv ville ha elska han for det. Rytmen nærmar seg jazzen, eller, den gjer ikkje det, men den flyt så suverent i sin eigen puls at den nesten ikje tar seg bryet med å landa så akkurat på den ein’aren der orkesteret helst skal ha den, med sin unekteleg store, om aldri så elegante, tonekropp. Tonen hans svulmar ikkje akkurat der kjennarar ventar at Mozart-tonar skal svulma, han spelar den inntil gråten fine andresatsen så svakt at det lydhøre,vakkert spelande orkesteret ikkje veit kor dei skal gjera seg av til slutt. Før han gir dei den nydelagste overgagen noko orkester kunne be om.

Konserten er ein svanesong, den er eitt av de siste verka Mozart rakk å få ferdig. Den er så berømt at du heilt sikkert har høyrt den, sjølv om du ikkje skulle vita at det har du.

Jonasons Mozart er leiken, musikalsk, og heilt hans eigen. Den flyt over av musikalitet, og ut over grensene for sjangeren. Folk i salen elska han for det. Dei reiste seg, dei ville knapt setja seg sjølv då han bad dei om det, så han kunne fått spelt ekstranummeret sitt. Tom Waits, «All The World Is Green». Meiningsfullt arrangert, i klang innom klezmermusikken, i tonespråk aldri kjedeleg. I konsertsalen overraskande. Blant dei som gjer meir.

Related Posts